Registrer stats

torsdag 7. august 2014

Foccacia

Ein skal vere forsiktig med å hevde at noko er "verdas beste", likevel gjer ein det av og til. Med unntak av gulrotkaka frå hummingbird, er det berre ein ting eg tør påstå at eg kjenner til oppskrifta på "verdas beste" utgave av, og det er foccacia.


Det var søstra mi som fant oppskrifta, og takk så mykje for det! Eg huskar ho var heilt over seg av begeistring. Tenk at noko so godt kunne vere så enkelt og raskt å lage! Eg må seie meg einig. Det er heilt villt. Det er verdens enklaste ting å lage. Tenk at folk kjøper "foccacia-posar" på butikken for mykje pengar, for så å tilsette vatn og olje!

Verdens beste foccacia lagar du slik:
  • 5 dl lunka vatn
  • 1 pose tørrgjær
  • 1 ts salt
  • 2 ss olivenolje
  • 11-12 dl kveitemjøl
  • Maldonsalt og olivenolje til toppen
Bland saman vatn, gjær, salt og olivenolje i ein bolle. Tilsett dobbelt så mykje mjøl som vatn, altså 10 dl i dette tilfelle, medan kjøkkenmaskina (miksaren) går. Spe så på med meir mjøl etter behov. Deigen skal vere litt klissete. Ha plastfolie over bollen og sett deigen til heving, på ein lun plass, i omlag ein time. Kna så deigen og form den rund, og ganske flat. Ca. 2 cm. Etterhev deigen i 30 minutter, på ein lun, gjerne varm, plass.


Etter at deigen har etterheva stikk du fleire hol i det med fingeren. Hell så over litt olivenolje, og maldonsalt etter ønska mengde. Eg er svært glad i salt, så eg er ikkje gniten her.


Steik så brødet til det er gyllent. 40 minutter på 190 grader på varmluft, seier søstra mi. Eg har ikkje så fancy ovn, så eg steiker det på rundt 200 grader, oppe og nedevarme, i omlag 35 minutt. Prøv deg fram med din ovn :)


Dette blir eit ganske stort brød, så du kan gjerne fryse det ned i porsjonspakkar. Dersom du kikkar innom ein del av oppskriftene her på bloggen, vil du merke at mangen av dei linkar til denne foccacian. Det er nemlig veldig greitt å ta opp fra frysen og servere attåt supper/salater og lignende. Tin det på lav temperatur i ovnen for best resultat. Ellers er det suverent som hovudgjest, omringa av vin, ost, salte skinker, tomat, aioli, pesto, druer, balsamico, basilikum og avokado.. Mmmm.. Gledar meg til eg skal frotse i det etter at Knøttet er ute!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar