Registrer stats

mandag 18. august 2014

Steikt Brosme med potet- og kvitløkspurè, rotfruktgrateng og soyasmør

I dag blei det forandring i planane matmessig. Eg og søstra mi kjører litt "prosjekt kortreist mat", og fekk nys i at eit stort fiskeanlegg i nærheiten av oss solgte til privatkundar også. Me reiste difor der i dag, for å handle fersk fisk. Dei hadde ikkje torsk, som me hadde tenkt å kjøpe, og me vart litt satt ut av det. Det endte opp med to vaksne mennesker som stod der som nokre idiotar; "ehm, ok, ehm, kva kan ein bruke lyr til då", "åja, oki, ehm, kva med brosme då..?" Pinlig. Me kan jo ingenting om fisk. Når me endeleg hadde bestemt oss for ein fiskesort, spurte dama i "kassen" kor mykje me ville ha, noko som igjen resulterte i ubesluttsom stotring. Uffameg altså. Neste gang skal me vere litt bedre forberedt.


Prosjektet tok seg ikkje akkurat opp då eg kom heim og skulle filetere fisken. Helledussen kor vanskelig. Eg skuldar litt på at eg verken hadde stort nok skjerebrett eller fileteringskniv, men uansett så trur eg ærleg talt ikkje at det hadde vorte nokon kjempesuksess.. Brosme er forresten ein grådig ekkel fisk, men enormt mykje slim på seg. Den er sleip og vanskeleg å handtere. Det tok ei stund (pinlig lang stund) før eg innsåg at det var nok lurt å begynne med å tørke av alt slimet, for å få litt bedre kontroll over fileteringen... jaja.. Kanskje det kjem eit fileteringskurs på bloggen på sikt... Eg skal i alle fall fortsette med å kjøpe fersk fisk innimellom, og øve meg i framtida. Dersom nåken lurte starta eg med 1,8 kg fisk, og endte med 700 g rensa fisk. Litt svinn.

I dag vart det altså steikt Brosme, med salt og pepar, potet- og kvitløkspurè, rotfruktgrateng og soyasmør til middag. Eg brukte restane av rotfruktgratengen fra i går, så oppskrift på det finn du her.


Potet- og kvitløkspurè:
  • 150 g poteter i grove skiver
  • 3 kvitløksfedd i skiver
  • 1,25 dl H-melk
  • 25 g smør
  • salt og pepar
 Kok potet- og kvitløkskiver møre i 2 l vatn. Varm opp melk og smør saman. Stamp potetene og spe den varme melkeblandinga inn i purèen. Smak til med salt og pepar.

Soyasmør:
  • 0,5 dl soyasaus
  • 1 dl bruna smør
  • 1 ts finhakka rødløk
  • 1 ts finhakka grasløk
  • litt raspa ingefær
  • litt finhakka koriander
  • 1 lite kvitløksfedd, finhakka
  • saft frå 1/2 sitron
  • pepar 
Brun smøret, og varm så soyasaus og smøret forsiktig opp, tilsett alle resterande ingredienser, og sausen er ferdig. 

Varm steikepanna med smør, eit kvitløksfedd og ein kvist timian oppi. Steik så fisken eit par minutter på eine sida, og snu den over. Bruk ei skei og aus det krydra smøret over kvar filèt nokre gongar.



Server umiddelbart medan alt er varmt.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar