Registrer stats

søndag 3. august 2014

Sovehjarte

Eg har alltid hatt eit godt sovehjarte. Eg elskar å sove, og eg har stort sett kunna sovne overalt, og sovet godt der. Eg søv derimot ganske lett, og våknar dersom det kjem ein lyd eg ikkje er forberedt på. Det vil seie at dersom eg søv på buss/fly/båt der eg veit at det skal vere mykje lyd, så søv eg gjennom det, men at dersom eg søv heime, og er forberedt på at det skal vere stille, då vaknar eg umiddelbart om noko lagar lyd. Av og til veldig praktisk, men til tider hinsides irriterande.

Min mann har det beste sovehjarte eg veit om. Kanskje til og med det beste sovehjarte eg har høyrt om! Det er heilt vanvittig! Dei aller, aller, fleste vaknar i alle fall dersom dei veit dei skal noko viktig. Type jobbintervju eller rekke eit fly. Skjønnar? Sjølv om ein kanskje ofte forsøv seg til jobb/skule, så vaknar ein liksom når ein skal noko ekstra. Då er kroppen i beredskap. Slik er i alle fall min kropp. Då kan eg vakne fleire gangar i løpet av natta og vere sikker på at eg har forsove meg, så sjekkar eg klokka og innser alltid at neida, det er nokre timar att enda. Mr. O derimot, han forsøv seg han. Han søv igjennom alle alarmar, ørten anrop, fly som reiser, og så vidare.

Bilde lånt her
Sjefen til Mr. O er vant med dette, og dei har løyst det på ein grei måte; ofte kjem han dinglande på arbeid i 9-tida, men så jobbar han like ofte til 18-tida. Det går seg til. Dersom dei har eit viktig møte eller noko, så ringer sjefen hans tusen gangar for å vekke han. Det hender han ringer meg, så eg kan vekke han. Til tider har han og stått på døra, visst ingen andre tiltak har fungert. Litt flaut, men sånn er det berre.

Nesten kvar morgon har Mr. O alarm på ca. kl. 06.10. Kvifor han absolutt skal det forstår eg berre ikkje. Det er ytterst sjeldan han er oppe før tidligst 07.15. Ofte lenge etter det og. Då har eg lagt å høyrt på alarmar i eit par timar. Kvart tiande minutt. Ikkje er han raskt ute med å slå dei av heller, det skal eg love deg. KLIKK! Eg begynner framleis fint og stryk han på ryggen og seier at no må han slå av alarmen. Tredje runde med slumring begynner eg å verte irritert, skubbar og seier at no er det på tide å stå opp. Så søv eg kanskje igjennom eit par slumringar, før eg vaknar igjen og eksploderar. No drar du deg opp! Klokka eg over 8!! Mr. O vert sintare og sintare for kvar gang eg vekker han. JADA, eg ER våken. Sikkert. Eg veit jo at det ikkje stemmer. Eg høyrer det på pusten hans med ein gang han faktisk er vaken. Litt kjenner eg han etter alle desse åra.


 Så kjem kvelden då, og eg spør kortid han har alarm på.. Ja, skal du faktisk stå opp då, eller? Ja, då må du ikkje verte sint når eg vekker deg. Tar du tegninga. Meget frustrerande i lengden. I mange år har jo dette gått heilt greit. Enten har eg hatt dagvakt sjølv, og då går jo eg før alle hans alarmar begynnar, eller så har eg seinvakt eller fri, og då er det liksom ikkje så nøye om eg vaknar litt, for eg får jo sove igjen med ein gang. Slik var det i alle fall pre-graviditet. Dei siste månadane har eg derimot sovet ufattelig dårleg. Det er jo heilt normalt det, men det har gjort det tusen gangar meir irriterande med alarm-helvete Mr. O opererar med om morgonen! Kanskje hadde eg akkurat sovna, etter å ha prøvd i timesvis, så begynte det, og då var det gjort. Eg sovna ikkje att eg då, i alle fall ikkje før det hadde gått ørten timar til. Klikk, klikk og atter klikk. Til slutt eksploderte det raskare, og han kom seg som regel opp ganske kjapt, men det hjalp jo ikkje det, egentlig, for eg var jo våken...


Eg var forberedt på at slik skulle det vere no fram til Knøttet kom, og i uforskuelig framtid deretter. Eg hadde stilt meg heilt inn på at no var det slutt på lange netter med djup og samanhengande søvn. Eg tok feil! Eg søv so godt for tida! Siste veka har vore heilt magisk. Eg søv, og søv, og søv. Mmmm. Eg får meg som regel heile 8 timar, før eg må opp på do. Då er eg så stiv og støl at eg brukar omtrent 5 minuttar på å kave meg ut, så sitt eg der og strekker meg, bøyer og tøyer. Ikkje nok med det. Eg står ikkje opp då heller. Nei, eg legg meg og søv meir. FANTASTISK! Eg elskar å sove, og eg skal utnytte det maksimalt no når eg faktisk har fått denne bonustida med god søvn. Null dårleg samvittighet for alt som skulle vore gjort. Eg drit i det, og søv i staden :)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar