Registrer stats

fredag 29. august 2014

Gravid veke 40

Hei og hopp!

Enda ei veke er over, og eg har termin på søndag! Steike meg som tida flyr!! I dag har eg vore på svangerskapskontroll, og alt ser bra ut. Eg har òg fått kynnare siste døgnet, så kanskje noko er litt på gang...? Jordmor meiner at Knøttet er komt ned i bekkenet, og symfysemålet var rett over grafen, dog godt innanfor normalen. Eg synes eg ser stor forskjell på magen i dag i forhold til i går. Den er lavare og spissare på ein måte. Kanskje endå eit tegn på at noko er på gang...? Overtidskontrollen er uansett bestilt, men me kryssar alle fingrar og bein for at eg slepp den, i alle fall at eg slepp igangsetting. Det har eg ikkje lyst til - men må man så må man!

Eg tenkte å kjøre på med ein statusoppdatering (forhåpentligvis den siste!) i dag, så her kjem den.

På vei: 40+1, 281 dagar har gått, og det er berre 2 (!!) dagar til termin
Neste kontroll:  Jordmorkontroll 4. september
Kjønn: Gutt
Utålmodig: Overraskande nok ikkje!
Navn: Har han og, men tenk om det ikkje stemmer når han kjem ut?!
Innkjøp: Har me gjort til den store gullmedaljen!
Vektøkning: 17 kg!
Melk i brystene: Definitivt på gang i alle fall.
Strekkmerker: Jada masa! fremdeles kun under navlen heldigvis! 
Hevelser og vann i kroppen: Veldig opp og ned! Enkelte gangar får eg ikkje på meg skoa eg gjekk i ein plass når eg skal heim igjen! Veldig upraktisk!
Hodet ned: Ja :)
Aktivitet:  Framleis mykje aktivitet :)


 
 


Tungt: Stadig tyngre, men det går veldig greit.
Kynnere: Ja, endelig!
Hodet festet: Nei.
Barnerom: Da utgår som sagt, men plutselig skal eg legga ut bilde av kor fint me har fått det til likevel! :) Eg er veldig fornøyd med resultatet!
Sulten: Som før svangerskapet
Matkick: Bolle, bolle, bolle, kake, bolle...
Plager: Nei, overhodet ikkje. Eg er i knallform, så kan ikkje klage.
Humør: Stort sett godt humør, synes hvertfall jeg, da.
Sykehusbag: Fix ferdig!
Høygravid: Ja, med haug på!


No er chilligryta på kok, og søtpotetene i ovnen, så det ser ut som me rekk kvelds i dag og! Me skal til Os på stand up - det vert kjekt! Eg gledar meg mykje! :)

Ha ein fin kveld!






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar